Kristin fekk bonden

_MG_1481

Og så var reisa over for meg!

IMG_0188

Rolf valgte Kristin. Eg er heilt sikker på at det var eit rektig valg. Eg har under heile denne reisa vore usikker på om Rolf var karen for meg. Det er veldig vanskeleg undervegs å halde orden på følelsar og ta rektige valg. Det har vore spesielt vanskeleg siadan Rolf ikkje har greid å vise meg om han var interessert eller ikkje. Han var ein koseleg og grei kar. Men det er ikkje det ein ser etter i ei prosess som denne. Så at Rolf valgte Kristin var heilt greit for meg.

alle

Etter valget der Rolf sendte Liv heim og bare Kristin og meg var tilbake på garden, blei stemninga veldig meir alvorsam og tung. Me visste begge at det gjekk mot slutten og det endelege valget. Det blei også til tider litt dramatikk. Dette gjorde sitt til at eg vurdera alvorleg om det var dette eg ville.

rol am

Etter at me to blei att var det liksom slutt på futten og moroa. Me var slitne alle saman. Me skulle ha date med Rolf. Eg fekk ein overraskande picknikk ved Vannsjø. Koseleg det. Men deg trur ikkje bonden nokon gong i løpet av alle dagane me var saman evna å spørje noko særleg om meg som person eller om mitt liv. Det var ganske rart. Dersom du skal lære eit menneske å kjenne så vil det vel vera naturleg å få litt informasjon. Dette stussa eg ofte over. Men, men.

A26468C7-091E-4B68-A6A5-5CF4182476F8-2062-00000679B36067F0

Etter picknikken vart eg og Kristin haldne frå kvarandre. Så det blei ein tung og slitsom sistedag av innspelinga. Crewet gjordet så godt dei kunne for å gjera tida kortare og syte for at me hadde det så bra som mogleg. Eg vart kjørt vekk frå garden og sat i ein varebil med ein hyggeleg ung ansatt som diskuterte reisemål med meg. Me åt bananer og drakk kaffe frå pappkopp. Etter ein times tid i bilen på eit industriområde i Vestby ringde dei frå  produksjonen og ga klarsignal til at nå kunne eg koma tilbake og opptak starte. Klart det var slitsamt og nervøst å tenke på om ein blir valgt eller ikkje. Uansett om ein ønsker å ikkje bli valgt. Vel tilbake på garden sto Katarina og tok i mot. Ho er profesjonell og prata meg roleg ved å gje komplimenter og anna smalltalk. Så var det å skride ned til benken og Rolf framfor kornåkeren. Blir det meg? Eg var utruleg nervøs. Men skjønna fort når han prata at det ikkje var meg som skulle på tur med bonden. Så det var ein usigeleg lettelse når det heile var over og opptak ferdig. I ein sik situasjon er ein veldig prega av å ha blitt valgt vekk. Eg tenkte vel bare yes, nå skal eg endeleg heimatt. Godt at eg ikkje blei valgt trøsta eg meg med. Eg gleda meg verkeleg på Kristins vegne. Ho hadde fleire gonger gjeve utrykk for at ho hadde følelsar for Rolf. Og så bra då at det var gjensidig.

rolf 6

Eg måtte sjølsagt filme enda litt før eg fekk drassa kufferten i bilen og spinne ut frå garden. Nå var det bare ein ting som gjaldt. Det var å koma meg heimover og informere barna. Dei var svært forsitkige og veldig opptatt av om eg var veldig skuffa. Det var eg ikkje. Eg tenker på at det hadde vore veldig tøft dersom eg hadde hatt følelsar for Rolf og blei «vraka». Samtidig så var eg veldig klar over at å delta her var også at eg kunne bli skuffa.

Nå gleda eg meg bare til å koma heim til mitt fine hus, reine seng og ikkje minst bikkjene mine. Innspelinga var ferdig fyrste veke av ferien min. Og nå venta tre nye veker med ferie og latmannsliv. Det var sommar, blomstring, familie og hageselskap som venta. Eg hadde ikkje bruk for psykolog, eg hadde ikkje nokon følelse av tristhet for ikkje å ha skaffa kjærast i denne omgangen.

Og så gjekk tida. Glømt var innspeling og TV program heilt til det blei sendt kvar veke frå september med episodar. Og det har vore utruleg fin reise  å vera med på. Eg møter mange som synes at dette må ha vore tøft. Så tøff du er som torde dette. Slik ser ikkje eg på det. Det einaste negative som kunne skje var jo at eg ikkje fekk kjærast gjennom denne serien. Men kanskje ventar det ein ein anna stad for meg. Kven veit.

Uansett så gler eg meg til å sjå episoden der Kristin og Rolf skal på tur. Og så gler eg meg til at alle me 10 friarane skal samlas og le og fjolle om korleis det var å vera med i Jakten på kjærligheten 2017.

Dette kan anbefalas. Ser dei er klare på TV2 med å finne bøndar til neste sesong. Eg nemnde i starten at eg aldri har sette denne serien før eg sjøl blei med. Og eg trur neppe det blir noko eg ser på i seinare sesongar heller. Det for halde med dette.

Men eg må få takke Rolf for at han åpna garden sin og inviterte meg dit. Han er ein kjernekar og fortjener verkeleg ei flott dame.

Men nå lovar eg å ikkje blogge så mykje meir om Jakten på kjærligheten.

Takk for følget og bli gjerne med meg vidare i kvardagslivet mitt her på bloggen.

Kanskje blir det ein kjærast med her og etterkvart? Ja kanskje er det nokon rett rundt svingen?

rød rose

 

 

 

Advertisements

3 thoughts on “Kristin fekk bonden

  1. Gode Anne På mange vis synest eg at dine kommentarar og tankar omkring det du har opplevd, er meir interessante enn sjølve programmet. Du har vore sabla flott på fjernsynet, og Rolf er ein sympatisk kar, men eg vil som sjåar gjerne vite meir om dikkon «friarane» også, det har eg ikkje fått svar på. Det med nærgåande og personfokuserte realityserier er i tida, og du har formidla på ein levande måte korleis det er å vera med i ein slik produksjon. Lukke til med jakta vidare. Er stolt av deg, du fortener ein knakande kjekk kar med mot i brystet og vert i panna. Anne

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s