Og så blei tre til to

Ei veke til!

Eg trong ikkje pakke kufferten i dag heller. Det var Liv som måtte dra og ta med seg sine gule gummihanskar heimatt. Eg kjem virkeleg til å savne Liv for eg og ho har blitt svært gode venner. Ho var ei skikkeleg real jente. Kanskje litt beskjeden. Og ikkje så lett å koma til når alle me andre skravlebyttene set i gang. God tur heim Liv.

I kveldens episode har me fått sett litt av kvart. Den fine familien er reist heimatt og me friarane ståkar på. Bonden gjer sitt beste. Men han greier ikkje vise oss kven han eventuelt har i sikte. Og for Kristin flyt det over….

Eg hadde fine dagar. Rolf bydde meg med på tur til Son.

Son er ein av mine favorittar langs Oslofjorden. Eg budde som eg nemnte tidlegare 25 år i Vestby kommune. Og i Son har eg og familien vore ofte. Eg hugsar at 1. mai var me alltid i Son og såg på toget og så fekk barna årets fyrste softis. Her har eg vore på  mange flotte kunstutstillingar, vore på konsertar. Eg hugsar tenåringsjenter som eg fylgde på Bonnie Taylorkonsert. Åge Aleksandersen har eg høyrt  her. Og Jonas Fjeld. Dette er mange år sidan. Men minna er der.

Så då fekk eg bonden for meg sjøl ei stund. Og dei andre jentene var vel ikkje akkurat fornøgde med at me to for avstad. Kristin visa tydeleg at ho ikkje likte at eg fekk tur med Rolf. Sjalusi er jo ikkje ein veldig flatterende egenskap.  Men nok om det. Rolf spandera softis og me fekk ei koseleg stund på brygga. Fortsatt er eg veldig forvirra om Rolf er interessert i ein kjærast. Men, men. Detei jo drama når Kristin tok kniven på strupa for Rolf i dag. Kristin kjenner at det er noko følelsar for han. Eg er vel kanskje ikkje der akkurat. Men det kom vel tydeleg fram at han likar Kristin veldig godt. Dette er noko av overraskingane for oss andre. Ingen veit kva bonden har snakka med dei andre friarane om. Så mykje kan skje.

Valget er alltid ei påkjenning. Me vil gjerne bli. Men eg trur ingen av hadde noko trygghet på me var ein av dei som fekk bli. Så når Rolf spurde om eg ville bli med vidare var det bare for meg og takke ja. Glede. Men på den andre sida var det leit å miste Liv. Men me to møtes att. Veldig flott å knyte ny kjennskap.

Ja då er det meg og Kristin att!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s