Floghavre, klining og kanskje svigermor?

93F08539-66C9-44F1-A0DF-CEA41228F864-2062-00000679CD5000C5

Mange har nok venta på at det skal bli litt action på garden i Hølen. Og det var nok store forventningar til denne veksa episode av Jakten på kjærligheten.

Det var vel ganske uskyldig det heile. Det som eg lika med denne dagen var å vera ute i åkeren og finne floghavre. Og sjølsagt fekk me eit langt foredrag om floghavre av Rolf. Ja, ja, det er kjekt å kunne hvis ein blir bondekjerring på korngård.

 

A26468C7-091E-4B68-A6A5-5CF4182476F8-2062-00000679B36067F0

 

Me hadde det veldig moro denne dagen under innspelinga. Været var flott. Og kan det bli vakrere enn ein stor kornåker i sommarvær. Og Rolf var i storform. Kyssingen var flott. Ein blir aldri for gammal til å leike.

http://www.tv2.no/underholdning/9450955/

Og så var det flotte familien da. Mamma var ei fantastisk dame godt over 80 år. Heile familien tok oss i mot med åpne armar. Det var iallefall ikkje eit negativt møte. Så det er eit stort pluss på vektskåla. Og mor ville absolutt anbefale sønnen.

Kvelden var kjempekoselig. Etter kvart flytta me inn i stoga. Der var det ikkje så mykje plass. TV teamet tek stor plass. Og for å få filma rundt bordet måtte tre sterke menn flytte den megastore lysekrona over bordet. Så filming er litt av kvart.

Eg hadde ein veldig fin dag, det er kanskje eit potensiale her………

Noko anna. Det er artig og å følge dei andre friarane. Ser at fleire er litt frustrerte over situasjonen dei er i. Finn liksom ikkje ut om det er eit utgangspunkt for eit forhold.

Til neste veke blir det nok meir alvor. Og Kristin stiller krav. Og tre skal bli til to.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s