Jaktsesongen er forlenga med ei veke

fiol

Så blei eg bedt med ei veke til. Ja det seier eg ikkje nei takk til.

Det er jo nokre månader sidan me spela inn desse episodane. Det er derfor ikkje lett å hugse kva som skjedde heile tida og i kva for ei rekkefylje. Men det minnar TV2 meg på kvar måndag.

rød rose

I kveldens episode har me kosa oss i strålande sommarvær på den fine garden til Rolf. Dagane har gått og me blir meir og meir husvarme og gode venninner. Me har spela dart. Konkurranseinstinktet blir drege fram. Alle vil gjerne bli den beste. Ingen likar å tape. Og slik er det vel med utstemminga også. Ingen vil heim. Men om det er for å kapre bonden eller om det er for det har vore så hyggeleg. Ja, det er ikkje noko svar for meg på det etter denne episoden heller.

Det blir litt hektisk ein morgon rundt frukosttider. Kristin tok for seg Rolf og ba han snart begynne å vise nokre følelsar for damene. Det går ikkje å bare snakke om skurtreskar og havre. Rolf er ein gentleman og behandlar all likt. Men det er ganske frustrerande for friarane. Etter at Kristin hadde gjeve klar beskjed om at dette ikkje var greit, og at me friarane hadde bydd på oss sjøl han nå verkeleg skjerpe seg eller så var nokon av oss usikre på om det var vits i å fortsette. Rolf kom og ba meg på ein liten prat. Vil du reise hjem? Nei det vil eg nå ikkje. Men eg la ikkje skjul på at eg var like frustrert som Kritin over oppførselen og mangel på hint om han i det heiletatt var interessert i nokon av damene.

Og som de ser. Me er fortsatt på garden. Ewa måtte forlate oss. Og det var leit. Ho var et muntrasjonsråd. Trillande latter i tide og utide. Det kjem me til å savne. Men nokon måtte reise og denne veka blei det Ewa.

Som TV2 visa i eit lite klipp blir det i åkeren det skjer neste veke. Og for alle oss friarane si skuld håpar eg Rolf trår til å visar litt følelsar.

Eg synes dei unge gutane var skikkeleg fine til å by på seg sjøl i kveldens episode.

Men kjær venner: fylg med neste veke også.

korn

Advertisements

2 thoughts on “Jaktsesongen er forlenga med ei veke

    1. Hei Heidi. Så koseleg å høyre at du likar dialekten min. Eg kjem frå Seljord i Telemark. Men har budd i Osloområde i 40 år før eg flytta heimatt for 10 år sidan. Ha ein strålande dag. Klem

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s