Kvart barn er ein moglegheit

fb_cover-husk-kontanter

For oss som jobbar med frivillighet er søndagen i dag ein viktig søndag.

50 innsamlingsbøsser er delt ut til velvillige bøsseberarar i vår kommune. Og frå kl 13 er dei på vegen. Då håpar eg at de som får besøk tek vel imot bøsseberararen. For kva er vel viktigare enn barna? Og i år er det barna det dreiar seg om. UNICEF jobbar over heile verden.

I dag er det slik at eit av fem barn i krigs- og konfliktområder står uten skulegang. Når barn i krig og konflikt ikkje får utdanning, står eit heilt lands framtid på spel. Årets TV-aksjon skal gje skulegang og håp til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan. UNICEF jobbar hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av vaksnes kriger og konflikter.

I Syria er halvparten av alle syriske barn på flukt frå krigens grusomheter. 10 millionar barn står heilt uten skulegang. To tiår har råka skulesektoren. UNICEF skal via TVaksjonsmidlane gje utstyr til 230 000 elevar, bygge opp att 800 klasserom, gje lærarane undervisning.

Colombia har vært prega av borgerkrig og interne konflikter i meir enn 50 år. I dag har ein av fem unge i Colombia verken jobb eller skuletilbud. Med årets TV-aksjon skal UNICEF bidra til å skape trygge læringsmiljøer og gje lærarane og rektorar teknikker til å minimere konfliktnivået. TV-aksjonsmidlane skal også gå til å identifisere områder med landminer og drive opplysningsarbeid for å forhindre at folk blir skada og drept av miner og eksplosiver.
uni86366_lores

Sør-Sudan har vært herja av borgerkrig sidan 2013. 51 prosent av barn i skulealder får ikkje utdanning, og Sør-Sudan har med det verdens høgaste andel barn som ikkje får gå på skule. Klasserom er overfylt, det er mangel på undervisningsmateriell, og barn har ikke tilgang til reint vatn eller toaletter.  Med midlane fra årets TV-aksjon skal UNICEF få 24 000 barn tilbake på skulen, utdanne 1100 lærere og gje 90 skular og lærestader, leiker og rekreasjonsutstyr.

Nord i Mali står meir enn 300 000 barn mellom 7 og 15 år utan skulegang.  TV-aksjonen vil gjere UNICEF i stand til å gje skuleutstyr til 100 000 barn, rehabilitere 25 skular, gje 1000 lærarar opplæring i psykososial støtte og til å gje 400 skular solcelledriven interaktivt undervisningsopplegg.

Pakistan er landet med høgast andel barn utafor skulen i Sør-Asia. Målretta angrep på skular og pågående konflikter som sender mange på flukt, er blant årsakene til at barn mistar skulegang. Med TV-aksjonsmidlane skal UNICEF gje 15 600 barn i kriseområder tilgang til læring, trene 520 lærere og opprette 520 lokale læringssentre.

 

stoettebanner343x237

 

Sjøl skal eg ut å kjøre med bøsse i dag. I denne grisgrendte kommunen er det mange vegar og krokar som skal ha besøk. Eg er heldig å ha med meg ein kjentmann for det er ikkje bestandig lett å finne fram i dei grendene ein ikkje er kjent.

 

Banken er som vanleg åpen og tek i mot og tel opp alle pengane. Her er det gulrotkake og kaffe å få. Ordføraren kjem ein tur for å fylge med og prate med folk. Så dette blir ein fin dag.

Eg seir tvi, tvi og lykke til.

tvak

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s