Cowboyboots og sommerkjole. Det er Jakten på kjærligheten det

rol am

 

Ingen måtte reise heim i denne vekas episode av Jakten på kjærligheten  i Vestby.

I kveld har me dansa og ledd. Kosa oss på tur langs vakre Hølenselva. For meg som har budd i denne vakre kommunen i meir enn 25 år var det eit hyggeleg gjensyn med gamle stiar. Når  barna mine var små og sommaren bare var varm og god, ja då var ferien vår å dra på badestrendene langs Oslofjorden i Vestby kommune. Og det var menge perler på denne kyststrekninga. Me var i Hvitsten, Kroken, Emmerstad og Son. Ungane var kvithåra og mørkebrune heile sommaren. Livet var enkelt då. Mødre var heimeverande og tok seg av barn og hus. Nokon av oss var heldige og disponera familiebilen ein dag i ny og ne. Det var ikkje to bilar i familien den gong. Og nokon av oss hadde menn som jobba heile sommaren. Men den som hadde bil leste inn nabokvinner og barn. Me kjørde gjerne to turar. Så låg me på stranda heile dagen. Me fylde kjølebagar med saft, brødskiver og anna godt. Eg ser tilbake på denne tida som ei av dei beste i livet.

 

I kveldens episode skulle eg by litt på meg sjøl tenkte eg. Ein kan ikkje forbli heilt anonym i ein slik serie. Eg elskar musikk og dans. Er inga danseløve eller sangstjerne. Men eg dansar ofte på stovegolvet med meg sjøl og drøymer meg litt bort. Ikkje alle er så heldige å ha ein å danse med. Så nokon kjenner seg kanskje igjen?

Musikk er ein del av min dagleg vitamininnsprøyting. Eg har musikk på soverommet, TV stova, kjøkkenet og i bilen. Som bygdejente med ungdomstida på siste halvdel av 60talet var countrymusikk ein vesentleg del av ungdommen min. Og det er musikk eg fortsatt gjerne høyrer på. Så når eg skulle finne på noko individuelt i episoden måtte det bli noko med musikk. Men eg hadde gitt ei av ungane ein lovnad når eg skulle vera med i programmet: «Lov at du ikke synger på TV mamma!» Altså tydeleg ingen sangdiva dette her. Sjøl om eg gaular dagen lang. Så då blei det dans då sjøl om eg ikkje er danseløve.  Eg har aldri dansa linedance før nesten. Så det blei liten tid til å øve. Eg fann fram på Youtube og sette igang. Enkel trinn. Det enkle er ofte det beste.

linedMen litt utstyr måtte også til. Så eg kjenner ei av linedancestjernene i bygda. Berta. Eg ringde og atter ein gong laug eg på meg at eg skulle i jentefest og overraske med et linedancenummer. Kanskje ho hadde ein hatt og boots å låne bort. Og ja det hadde ho. Dagen etter stod Berta på kontoret. Eg sukka og sa det var venskeleg å lære noko dans på så kort tid. Berta kasta jakka og me sette i gang øvelse på det vesel kontoret med døra igjen.  Og slik blei det denne dansen. Heime foran speilet i gangen blei det opptreden fleire kveldar med Dennis og Dina som publikum. Og dei synes eg var fortreffeleg. Til slutt tenkte eg at det blir som det blir. Og det blei det jo og. Jentene var i allefall overraska og ville gjerne dansa meir. Moro. Men bonden som hadde skrytt litt på seg at musikk og dans var ein viktig del for han, var vel ikkje så interessert kanskje? Eg fekk nå kjenne litt på armkroken til Elton Johns Nikita da. Og så hadde me det veldig moro. Det skulle jo vera ei overrasking for bortsett for produsentane. Og dei hjelpte til og styra på. Mykje lærde eg om musikkrettigheter oa. Musikken eg valde måtte vera blant dei låtane TV2 har rettighetar til å spela på TV. Og det fann eg.

Med litt meir tid til overs er linedance noko eg gjerne gjer meir av saman med andre. Er det nokon her i bygdi som vil vera med kan me få til ein kveld i veka her i Seljord. Ta kontakt! Humøret stig når ein dansar og har fin musikk.

elverhoyliten

Hølen. Bildene er lånt

FF46E177-A464-4329-8D62-91243EBFB50D-676-000000C0D6A6C301
Turen langs elva blei fin. Bonden gjekk bak oss til tider og bedømde baksida til friarane. Mi bakside kan eg ikkje få gjort noko med hvis eg ikkje skal sprøyte inn noko botox eller lignande. Det har eg ingen tankar om å gjera. Så det får nå bli som det er. Det heile var meint i ein humoristisk tone frå bonden og me tålte dette godt.

Det blei atter ein flott dag på garden til Rolf. Rolf er gjestfri men slit litt med flørtinga. Han vil så gjerne at alle skal ha det hyggeleg.
Neste veke må ein av oss reise heimatt. Det kan bli meg sjøl om eg gjerne blir med vidare. Men eg må nok innrømme at eg er usikker på kvifor eg vil vera med vidare. Er det pga Rolf eller er det konkurranseinstinktet? Tida får vise.
Fylg med kjære venner!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s