Jakten på kjærligheten – Flørteuke på damenes gård

alle

Å dra på ferie er alltid litt planlegging på forhånd. Bikkjer skal passas, hagen skal vatnas og blomster ornas slik at dei kan klare seg ei veke uten stell. Og denne gongen var det ikkje ein vanleg ferie. Nei det var TV opptak. Og då vil ein jo sjå best mogleg ut. Pakke dei rette kleda. Forberede seg godt. Travelt.

Når eg fekk beskjed om at eg var invitera av Rolf til gardsveke var det sjølsagt stas. Men og litt pes. Men ingenting «kjem ta seg sjøl» som Vømmøl syng. Mange månader tidlegare hadde eg sagt ja takk til å bli med på Wrightegården på John Fogarthykonsert. Kjempedyr bilett. Hadde gleda meg til det. Me skulle samlas på hytta til ein av jentene og så ha ei hyggeleg helg i tillegg til fin konsert. Og konsertsøndagen var då brått dagen før mi gardsveke hos Rolf. Eg måtte atter lyge på meg ei årsak til ikkje å bli med på weekendturen. Men stilte opp på konserten. Fekk nok ikkje ordentleg konsertopplevelse då det kribla litt i magen for veka som skulle koma.

Men ut på vegen tidleg måndagsmorgon. Og adresse Hølen. Etter avtale med TV2 og produksjonseslskapet skulle eg kjøre mot garden, men parkere og vente på klarsignal for å kjøre inn. Her skulle me koma i tur og orden for dilming og regissering. Eg må sei eg følde meg som ein idiot når eg midt på dagen kjørde opp ein gardsveg og parkera i skuggen (det var steikande sol denne julimåndagen og veldig varm) med nokre hus på begge sider av vegen. Der blei eg sitande gangske lenge før eg fekk klarsignal til å kjøre opp mot Damnes Gård (navnet på garden til Rolf). Eg las Damens gård og tenkte: Du verden han har humor og sjarm denne mannen!

Men eg crusa inn med nyvaska bil og full av entusiasme. Eva hadde kome før meg. Og ho hadde med seg litt deilig drikke som blei servera på terrassen. Og Rolf klemde og tok i mot oss damene etter tur.

rol am

Nokon måtte dele rom då huset ikkje var veldig stort. Som det sosiale vesenet eg er meldte eg meg rask til å dele rom. Og Liv blei med. Så me to damene flytta inn på soverommet til Bonden. Han sjøl hadde gjort seg ei seng i leikarhuset. Og der var det ikkje akkurat veldig koseleg. Men me sov godt. Det er sikkert ganske rart å få fire driftige kvinnfolk i hus. Me sjekka sjølsagt badet, wc, kjøkken og anna. Er det reint? Må me vaske? Ja, de kan tenke dere. Litt fnising og tising blei det sjølsagt.

kornGarden låg nydeleg til med kornåkrar i alle retningar. Eg har budd i Vestby kommune i 25 år då barna var små, så eg er rimeleg godt kjent. Til forskjell frå småbruket og fjellbygda eg er vaksen opp i er åkrar og kollar så langt auga kan sjå i Folloområdet. Lettdreven gardar og store gardar i forhold til det eg er vant til.

Ein nydeleg plass var det. Tunet var fint og velstelt og stabbur og småhus, låve og redskapshus. Traktor på traktor. Her mangla ingenting.

jakten på

Og som de veit, Rolf er eit rivjern. Han har egen gard, men forpaktar jorda til fire andre gardar. Og i full jobb i tillegg. Korleis kan ha få tid til dame? Og han snakkar om flørteuke. Synes vel ikkje det blei så mykje flørting da. Ja, ja, det vil tida vise. Nå skulle iallefall me damene kose oss og prøve å finne ut om bonden var noko av interesse.

DSCN0092

Ellers så må eg sei det er ganske interressant å vera TVkjendis i ei lita bygd som Seljord. I forrige veke kom eg innom på kjøpesenteret vårt ein ettermiddag etter arbeid. Utafor kaféen sat ein gut i tenåra. Eg kjenner godt bestefar og bestemor hans. Han kikka veldig på meg og sa hei i det eg passerte. Eg smilte og svara hei tilbake. Då spurte han: Kva heiter du? Eg sa namnet mitt og han lyste opp og sa: Er det du som er med i Jakten på kjærligheten? Eg kunne bekrefte det. Og han lyste opp. Eg prøva å få til ei samtale om andre ting og lurte på kva han gjorde her. Jau, han selde lodd. Eg lova å koma innom når eg hadde vore i matbutikken og teke ut kontanter. Då skulle eg kjøpe lodd. Når eg kom tilbake var tre gutar til på plass med loddboka. Guten eg hadde snakka med dulta i dei andre og sa: Der er ho! Der er ho! Dei smilte og lurte på om det var meg. Ja det var det nå. Den fyrste spurde: Korleis er bonden? Kva heiter han? Er han hyggelig? Er det moro? Ja kunne eg svara til alt sammen. Men eg spurde kva er det de sel lodd for. Jau det var UNICEF. Så bra seier eg. Kva kan eg vinne? Det var litt usikkert. Men iallefall ei fruktkorg. Eg synes det var flott. Kjøpte lodd og sa at då håpar eg å vinne fruktkorga. Då kom det kjapt i fullt alvor fra den eine fine guten. Ja. Og da må du dele med Rolf. Og nå skulle  dei iallefall fylje med vidare. Ja slik er det å vera kjendis i Seljord.

Og Seljord er ein flott stad å bu. Her får ein alt ein treng: Her er det så greit å handle. Butikkane har det meste av det eg treng. Eg treng ikkje reise noko anna stad for å fornye meg. Eg er nok også meir enn gjennomsnittet interressert i klær og utstyr. Så eg besøker butikkane ganske ofte.

tveitan-e1507490722196.jpegNå sist veke var eg på Tveitan. Der fann eg ei flott cordbuske. Moro at cordfløyelen er tilbake. Så i morog skal eg tre på meg grå buske og grå genser. Det blir bra.

I tillegg til lekre dameklær er det godt utvalg av garn i 2. etg. Eg strikkar mykje så eg er ein hyppig garnkunde. Og så har dei verdens beste ekspeditrise.

 

Så Seljord har det meste.

 

 

Advertisements

2 thoughts on “Jakten på kjærligheten – Flørteuke på damenes gård

  1. No fekk eg forklaringa på kvifor du stakk så fort i sommar. Du er tilgjeven… No må eg au sjå på jakta på kjærleiken. Fordi du er med. Du gjer deg veldig bra på fjernsynet synest eg. Bittelite grann inhabil er eg nok. Men eg ville gjerne blive litt meire kjent med dei ulike friarane. Det kjem vel i neste runde tenkjer eg. Kor lenge varer serien ? Me heiar på deg. Rolf har eit nokså enkelt val… spør du meg. 😊👍

    Likar

    1. Hei Anne. Ja det å lyge er eg blitt god til nå. Håpar friarane kan koma litt til orde. Men eg veit ikkje kjva dei sender. Har ikkje sett noko av det før det sendes. Spennande for meg og. Serien varer nok nokre veker til. Inntil bonden har sendt heim tre damer og ein sit att med fystepremie!

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s