Jakten på kjærligheten fortsett for meg!

rolf 6

Juhu!

Då blir det gardsferie på meg. Gruppedaten var artig. Litt musikk og konkurranse, ja då er me i godt modus. Jentene var spente på denne dagen. Me hadde nå kome fram til 4. dagen me var samla og etterkvart var me blitt godt kjent og hadde det moro sammen. Me gløymde innimellom at me var konkurrentar. Me skulle jo gjera inntrykk på bonden. Me var ikkje på Hoel gård for å feriere. Men det glømde me av og til. Regissørane var flinke til å minne oss på dette for dei såg at me kanskje var litt «laid back». Det gjekk jo veldig klart fram av denne episoden at me som hadde levd ei stund var meir reserverte og utrena i å flørte enn ungdommen. Bonden var vel heller ikkje ein storflørtar han heller. Men det kjem kanskje meir etter kvart.

Som de såg så hadde Rolf pynta opp og servera godteri og drikke med Mjøsa i bakgrunn. Eg elskar søtsaker, så dette var ein god start. Litt aleinetid fekk alle friarane med bonden. Men det er ikkje bestandig så enkelt å vita kva ein skal fortelje om seg sjøl, eller kva ein lurar på om den andre. Under normale omstendighetar kjem jo slike ting litt etter litt etterkvart som ein møtes. Men Rolf fortalde ganske enkelt og greit at han lika meg veldig godt. Så då så. Eg ser nå på TVopptaka at eg er ganske stiv i maska. Er nok ikkje heilt varm i trøya ennå.

Quiz er moro. Og Rolf hadde laga ein fin musikkquiz. Han dela ut kirsebær i hytt og pine til den som greide svara rett. Og at bonden eingong på 60-talet var DJ! Ja, kven hadde trudd det.vEg er veldig glad i musikk. Så dette var også midt i blinken for meg. Men nå gjaldt det å vera kjapp i replikken. Eg fekk meg nokre kirsebær i koppen. Og litt dans blei det, sjøl om bonden ikkje akkurat imponerte oss med dansen sin.

Innimellom alle opptak og alle folka rundt ein (det yrde som ei maurtue på Hoel gård) stelte vertskapet på Hoel gård veldig godt med oss.  Lunsj, kaffe, pledd når me fraus. Ja ingenting mangla. Det var nesten som å vera på eit seminar i fine omgivelsar.

Men det var også små intervju heile dagen med spørsmål om hva føler du nå? Er det litt kjærlighet her? Og kven kan svare på slikt etter nokre kjappe møte? I dag er det ikkje mogleg for meg å hugse kva eg har sagt og svara på mange av desse intervjua.

Som dagen før blei det trykkande og straks alvorleg når me kom til avstemminga og Katarina kom for å høyre korleis me hadde hatt det og kva Rolf hadde kome fram til. Alle ville gjerne vera med vidare. Ingen hadde lyst å gå ut allerede nå. Men to til måtte reise. Og det blei ikkje meg! Det blei Astrid og Heidi. Skulle gjerne hatt med desse glade jentene til garden.

jakten logo
TV2 sitt bilde

Sliten og glad lasta eg inn i bilen og susa heim til Seljord og bikkjer. Eg takka snille venninner for hundepasset. Den eine som ikkje visste noko om opplegget mitt lura på korleis kurset hadde vore. Eg måtte jo finne unnskyldning når eg skulle vera borte i ei heil veke. Eg følge meg som ein kjeltring som laug på meg eit kurs på Hedmarken.

Tilbake på jobb var det travelt og andre ting som opptok meg. Men innimellom alt anna, bla ein tur på Møsvatn for alle frivillige,  planla eg hundepass, vatning og stell av hage og mengder med blomster når eg var borte, garderobe til TV opptaka og sommarferie i denne perioden. Om to veker var det å suse avgarde til Hølen i Vestby kommune. Og ha kufferten fylt med passande klær.

dsc_0007

Døtre heia på mor. Tenk om det blir deg mamma? Vil du ha Rolf? Er han mannen for deg?

Mange spørsmål dukka opp. Dei var det ikkje mogleg å ha svar på dette tidspunktet. Men hvis ein ikkje vågar å satse og gje av seg sjøl, ja då blir det aldri gevinstar heller. Og gammal som eg er,  har eg hatt mine ting, og var fullt klar over at eg kunne fort bli sendt heimatt. Men eg gleda meg verkeleg til å bli meir kjent med Rolf og å sjå korleis det såg ut i heimen. Eg er ganske oppteken av interiør og hus. Og likar at ting er på stell. Rot og griseri er ikkje noko for meg. Eg legg merke til dei fleste detaljar. Så tenk om det ser heilt forferdeleg ut i heimen der? Er det reint og ordentleg på kjøkkenet? Og korleis er Rolf i sine heimlege omgivelsar. Og kva med dottera hans? Ville ho vera ok? Alt dette skulle eg få greie på om bare nokre dagar.

Sommarfuglar i magen var det, men om det var pga Rolf eller om det var spenninga over det som skulle skje? Det visste eg ikkje då. Og for å få sjå korleis dette går må de nødt til å fylge med neste veke.

sommerfugl

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s