For ei avslutning i flotte Portugal

vasco da gama
Vasco da Gama broa

Så er turen snart slutt. Heime ventar strieskjorte og havrelefse. Men det er greit det og.

 

Dagen i dag har vore begivenhetsrik med reise ned til fiskebyen Costa Bela på Arrábidahalvøya sør for Lisboa. Vi kjørte over den berømte 18 km lang Vasco da Gama broa. Dette er ein av europas lengste hengebroer. Vi passerte byen Setubal, ein fiskelandsby som i  dag er  ein industriby med produksjon av muskatvin, marmelade og sardiner.  Og vi besøkte ein fabrikk som laga keramiske flisar.

oznor

Frå produskjonen i fabrikken me besøkte

Bussen tok oss gjennom ein nasjonalpark med nydeleg utsyn over Atlanterhavet

cof

dig

Vi kom ned til byen Sesimbra som er ein travel liten fiskelandsby med nydeleg sandstrand og flott klima. Her fiskes blekksprut, sverdfisk og sardiner. Heilt nede ved havet blei vi servert ein uforgløymeleg fiskelunsj på restauranten Ribamar som hadde blitt tildela Michelengstjerner i årevis.

cofHer var alt av ypperste klass. Vi var samla utendørs under soltak på langbord.

Vi fekk servert sverdfisk til hovedrett. Og det var nydeleg. Forretten vart servert i eit skjell og bestod av nydeleg fiskesaus med reker og andre godsaker i. Til dessert fekk vi panacotta. Og utmerket vin blei servert til.

Dette er kanskje turens beste måltid.

cof

Vi fekk ein times tid etter maten før bussen returnerte heimover. Eg tok ein tur på den nydelege sandstranda. Tok av sandalar og fekk varm sand og bøljer mellom tærne. Sola steika frå skyfri himmel.

IMG_20170928_152644.jpg

cof

Vel heime på hotellet var det tid til avslapning ved bassenget med ei bok. Så var det å pakke kuffert, vaske hår og gjera seg klar til siste kveld i Cascais. Og det blei ein «høgdare» på fadorestaurant med vakker fadosang og nydeleg mat. Her var det varm chevreost til forrett, nydeleg mør biff med tilbehør til hovedrett og brownies med is til dessert. Og sjølsagt den beste vin til alt dette.

Vi for heim og nå sit eg i senga og bloggar, pakkar og memorerar.

Atter ein gong har Norsk tur visa at dei leverer varene.

Vi har fått opplevelsar i fleng og ikkje minst har det vore eit utruleg triveleg selskap å reise sammen med. Og portugiserane er eit hyggeleg og flott folkeferd.

Eg håpar det blir reprise med flotte folk neste haust også til nye reisemål.

Adeus Cascais. Fine minner å ta med heim dette.cof

cof

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s