Nå startar jaktsesongen

IMG_0188

Eg ser at eg har ikkje publisera noko her sidan reisa mi til Georgia i slutten av mai. Og litt av grunn til det er at tida ikkje har strekke til i sommar.

Etter Georgiaturen var det bare ein måned før sommarferien skulle ta til. Og det har vore ein litt uvanleg sommar for meg.

C7EC676F-2977-466E-9066-BE0148664511-1339-00000496B2AE5E93

Nokre dagar før 17. Mai satt eg på kontoret om ettermiddagen og skulle logge meg ut av PC’n då Katarina Flatland smilte til meg frå skjermen og fortalde at nå er det bare ein dag igjen hvis du vil sende et brev til ein av bøndene i Jakten på kjærligheten. Og Jakten på kjærligheten er visst eit program som har rulla over norske TVskjermar i 13 sesongar. Og eg har aldri sett eit einaste program! Men noko av dei bilda som rulla over PC skjermen min denne ettermiddagen i mai, fatta mi interesse. Og det var bonden Rolf som fortalde litt om seg sjøl og kvifor han var med her. Han sat med ein pus i fanget og smilte med augo, såg veldig triveleg ut, og høyrde fornuftig ut og.

69566909-226F-4042-8016-9D97022C4B06-1339-00000493838FD7A6

Ei av mine svake (og av og til sterke) side er mangel på impulskontroll. Eg er kjapp, nysgjerrig og uredd. I løpet av ein times tid denne ettermiddagen spela eg inn ein liten videosnutt, skreiv et brev som for avgarde nesten før eg rakk å tenke. Så for eg heim og parkera alt saman. Men før eg nesten var ferdig med morgonkaffe dagen etter fekk eg telefon om at eg var registrert og at bonden i løpet av 10 dagar ville plukke ut 10 friarar dersom han var blant dei 4 som fekk flest brev. Eg fekk grei informasjon. Om kva dette gjekk ut på og tenkte vel  ikkje meir på dette.

Bare få dagar seinare drog eg til Georgia med massevis av opplevelsar og ikkje tid til å bruke energi på bønder. Men ikkje mange dagar etter heimkomst fekk eg beskjed om at eg var ein av 10 friarar til Rolf. Å hjelp! Dette var altså konsekvensen av å trykke på sendknappen før ein tenker nøye igjennom  tinga. Eg sette sjølsagt pris på at eg var blant dei utplukka, men takka høfleg nei. Eg ville ikkje på TV likevel, og iallfall måtte døtre og barnebarn, både store og små vera komfortable med at besta på 65 plutseleg skulle på jakt etter kjærleik. Og i tilegg på TV. Produksjonsselskapet synes absolutt eg skulle bli med, dette er et snilt realityprogram sa dei. Etter ein prat med mine fornuftige døtre, som synes det hadde vore veldig triveleg at mamma fekk seg ein venn, så var konklusjonen frå dei: «Kjør på mamma». Og vips så var det avgjort!

Det blei plutseleg travelt for ei bestemor i full jobb og med to bikkjer som ikkje kan vera overlatt til seg sjøl for lenge av gongen. Og det er ikkje alltid like lett å tigge etter hundepass. Feriedager hadde eg rikeleg å ta av, så det var ikkje problem. Eg laug på meg kurs og barnevaktoppdrag. Og venner sa ja til hundepass.

Det er sjølsagt ganske strenge reglar for deltakarar i slike program. Ikkje mange kunne informeras. Men ein kollega måtte involveras og ein hundepassar.img_5285

Spent og med kufferten full av antrekk sala eg på og for avgarde til Mjøstraktene. Og på vakre Hoel gård heilt ned til Mjøsa fekk eg nokre uforgløymelege dagar. Det var som å vera i ei boble. Me var samla 40 friarar og sikkert like mange produksjonfolk frå FremantleMedia og TV2.

3D24A256-5116-4FE9-B9FD-B4A29A8469D2-1339-0000049F14357445.png

Og for nokre folk! Alle profesjonelle til fingerspissane og så hyggelege og tålmodige. For oss friarane som var litt vaksnare enn dei andre var det ingen ting som føltes som om me var «gamle» damer. Nei me fekk topp service på alle måtar. Me var i opptak i opp mot 12 timar kvar dag og slitne som bare det. Men betjeninga på Hoel gård stod på, servera nydeleg mat og gjorde sitt aller beste for oss. Bare å få tilbringe tid i slike omgivelser er nok til at eg aldri angra et sekund på å bli med.

418E4585-8D28-4A8E-BA71-BA7E03540239-1339-00000482C5D8684B

http://www.hoel-gaard.no/

Nå var det klart for 10 flotte damer  å tevle om ein mann. Me blei gode venner og innimellom blei me minna på kvifor me var her. Det var mykje venting, frysing og mykje humor og latter.

TV innspelinga er unnagjort. Nokon går av med seieren. Og det er utruleg spennande å sjå alt på TV. Det vanskelegaste har vore å halde alt dette hemmeleg heile sommaren og til nå. Så for meg er det godt at det endeleg er i gang.

Den fyrste episoden er sendt og nå blir det bare for meg og forhåpentleg mange der ute å vente på måndagskveldar kl 20 for å sjå korleis eg og dei andre greier oss.

IMG_0194

Etter kvar episode vil eg legg ut litt her på bloggen min om opplevelsane rundt dette. Eg håpar du vil følge meg her og på Instagram madamanne52.

Ha ein fin kveld.

 

Advertisements

3 thoughts on “Nå startar jaktsesongen

      1. Ja det har jeg og nå er han og hunden her på heltid p.g.av brukket ankel. Jeg brakk jo leggen etter Georgiaturen så nå var det hans tur! God helg og lykke til du og😊👍☀️

        Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s