Gori, Stalin og litt anna


I dag etter nok ein god frokost gjekk turen til Stalins fødeby Gori. Josef Vissarionovitsj Dzjugasjvili var Stalins opprinnelege navn. Han var født i 1878 i fattige kår i byen Gori. Skoleflink, med ei mor som vaska og sydde og far som var skomaker som drakk opp det han hadde. 

Han vart sendt på presteskule fordi mor ville han skulle bli prest. Der kom han i lag med andre som var revolusjonære og oppteke av Marx bl a. Han vart snart kasta ut av skulen og vart fleire gonger fengsla og torturert i bla anna Sibirske fengsel. I 1913 tok han navnet Stalin som betyr stålmannen. Etter revulosjonen i 1917 vart han saman med andre fangar sett fri. Han tok snart over partiet til tross for at Lenin advara ledelsen om at han synes ikkje han skulle bli ledaren.


Stalin var Sovjetunionens ledar fra 1924 til 1953. Det er ingen annan som har site 30 år med makta. Han var gift to gonger. Fyrste kona døde tidleg av tyfus. Saman hadde dei sonen Jakob som vart drepen i konsentrasjonsleir under 2. Verdskrigen. Då vart Stalin kontakt og blei tilbudt å bytte sonen sin mot ein sovjetisk general. Han svara at han bytta ikkje generaler mot vanlege soldatar. Han var nådelaus også med eigen familie. Kone nr 2 som han hadde to barn med, tok livet av seg. Det same gjorde sonen frå dette ekteskapet. Dottera Svetlana har levd i USA. Der har dei alle etterkomarar teke navn etter kona til Stalin. 

Han var karismatisk og flott å sjå på. Men me kjenner alle historien og kva han utretta. 

Under: Dødsmaske av Stalin og Vesle meg ved sida av Stålmannen


Me fekk også omvisning i Stalins skotsikre jernbanevogn. Der er nok mange grusomme bestemmelser teke og mykje vodka gått med.

Under: møterommet i den skotsikre vogna


Mykje interessant har me opplevd i dag.

Etter Gori for me vidare til holebyen Uplistsikhe. Det blir ein annan historie. 


Sola skin. 28 grader i ettermiddag. Og det var godt etter kulda i Kaukasusfjella.  Nå er det å gå over legemet og så er det middag.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s