Georgia 

Det er ganske rart å ligge på ei god seng ved eit oppvarma basseng og ha fjell på 4-5000 meter utafor vindauga. Det gjer eg nå. 

Fredag kveld letta flyet for mellomlanding i Riga og vidare til Tbilisi i Georgia ved Svartehavet. Dette vakre landet som var ein av Sovjetrepublikkens statar. Fødelandet til Stalin og landet Katie Melua kjem frå. 



Me ankom hovedstaden langt på natt. Dette fordi myndighetene oppgraderer og bygger ut flyplassen. Dette skjer på dagtid og flygninger på nattestid. 

Me reiser med Norsk Tur som er ein erfarent turoperatør. Så me blei bussa til det beste hotellet. Etter ein lang reisedag er det godt med god seng og bra bad. 

Sergei skal vera vår lokale guide og møtte oss på hotellet. Fyrste dag i den vakre hovedstaden var det lunsj i ein vakker restaurant. Georgisk mat er viden kjent og av høg kvalitet. 


Midt under lunsjen blei me servera tradisjonell georgisk  mannssang. Og overrasking var stor då to av tre var norske. Den eine operasanger som hadde reist hit i 1996 for å lære denne vakre musikken. Den andre var etablert her over mange år med familie og business. Utruleg vakkert. 

Me hadde besøk i kyrkjer og festninger og også ein tur med taubane opp frå byen. Fantastiske opplevingar. Og det heile avslutta med middag på restaurant Kopala. 



Fortsettelse ein annan dag.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s