Ferie og fridagar

appelsin

Så er denne veka også snart historie.  Palmehelga  står for tur og så er det påskeferie. Det er nesten ikkje til å tru at me er kome så la på året allerede.

Ute skin sola og alt tegnar til at det kan bli fint påskevær her på østlandet i år. Eg skal ikkje ut og farte, så det blir nok mest påskeferie på terrassen. Men været er viktig uansett.

Som for alle andre er det ein trist nyhetslaurdag å vakne opp til. Det grusomme lastebilangrepet i Stockholm i går ettermiddag rystar oss alle. Det kunne like gjerne vore i Oslo. Og tankane går til alle som er råka. Verden kjem så nære innpå oss. Og styggedommen er ikkje noko ein bare les om som skjer langt ute i verden. Nei den er her og. Men som det blir sagt, det viktige er å ikkje la seg skremme. Leve normalt. Terror er noko me nok må lære oss å leve med. Det er prisen å betale for denne opne verden me har. Så la oss håpe dei skuldige blir tatt og at svenskane tek tilbake kvardagen sin fort.

Trump bombar Syria og Putin er sint for det. Erna er i Kina og gjer seg populær. Og me har sett folk i Syria som begrev eller har mista heile familiane sine denne veka. Det er mykje elende.

mPaaskelabyrinten_HOYOg her opp sit me og skal fylle skåp og skuffar med appelsiner og Kvikklunsj. Rødvin og lammesteik. «Kors ska vi reis?» startar opp måndag morgon og det er sikkert påskekrim i fleire kanalar.

Ja, la oss kvile og kose oss med familie og venner. Det er lov sjøl om me får styggedommen tett innpå oss.

På morgon her hos meg er det to firbeinte som spring frå sofa til sofa og har lyst ut i hagen å jage nabokatta som spankulerar rundt der. Og eg trur dei firbeinte gler seg til matmor skal ha fri og vera heime i mange dagar.
Eg var i ein triveleg bursdag for nokre dagar sidan. Og det var eit strålande kalas. 14 damer rundr eit rundt bord. Ja ein kan tenke seg! Nydeleg mat, artige påfunn, mykje sang og glede. Så nå er det bare å finne ut kven ein kan feire neste gong.

tulipanar.jpg

Men nå er det fri og late dagar. Eg får huset fullt uti veka, men i helga er det bare kvile og helsepleie. Influensaen er hard og vil ikkje gje seg. Så det er flott å kunne ligg under dyna og halde varmen og vite at ein ikkje må noko som helst. Nå skal eg steike egg og bacon, meir kaffe, meir aviser og så blir det ein luftetur med hundane utover dagen.

Eg ønsker alle ein go palmelaurdag.

egget

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Advertisements

Lenge sia sist

påskeEg har ikkje teke meg tid til å vore inne på bloggen min på lenge, lenge. Det er litt som lufta har gått ut av ballongen.Og slik er det vel med ting innimellom. Men eg ser at mange er innom på sidene mine og ser og då dukkar det ikkje opp noko nytt. Og det er jo ikkje slik det skal vera dersom man vil vera bloggar. Ja, nå er då ikkje eg ein ordenteleg bloggar slik som har viktige ting å melde kvar dag. Men likevel skal ein ta vare på lesarane sine. Så eg får bare beklage at blogginga har vore lagt vekk litt.

 

 

Litt oppsummering sidan tidleg mars kan eg ta med. Eg har hatt besøk av barnebarn i mars. Me har kosa oss både ute og inne

IMG_4440
Når ungdomen sit fast i vårsnøen

Eg hadde ei veldig triveleg syskenbarnhelg på fjellet. Då var Annun samla og åt og drakk og mimra om felles familie. Og jammen kom me opp med nokre idéar til ei lang reise me kunne tenkt oss å gjera i lag. Me er 9 søskenbarn på morsida. Og me har eit prosjekt på gang som ikkje dei andre veit så mykje om ennå. Blir spennande å sjå om dette er gjennomførbart i 2019 eller 2020. Men fjellweekenden var fin. Me fekk ein flott skitur på laurdag og åt skrei med rogn og lever på kvelden. Ulempa når slike pinglur som meg er på fjellet og frys litt, er at det oftast blir litt sjukdom og pusling etterpå. Det er nok prisen å betale. Etter ein weekend i Oslo helga etterpå måtte eg legge med ned. Influensaen slo til. Så senga var det einaste som dugde. Og jamme veka etterpå kom det ein skikkeleg forkjølelse som ennå er slitsom. Men man overlever slik ting. Sjøl om eg syns litt synd på meg sjøl innimellom. Heldigvis har eg flotte kollegaer som tek ansvar og greier den daglege drifta. Og snart er det påske.

Og så er det jo travle tider når våren kjem her nord. For ein «godseigar» slik som meg. Hagen er på størrelse med eit frimerke og plattingen min litt større. Men likevel litt å vedlikehalde. Det er grønne merke etter vinteren på terassen. Dette må vaskas og skuras. Og så skal det beisas. Hagemøblar er på plass. Men dei skal vaskas og stellas. Eg ser hageprogram på TV og drøymer meg bort. Slik vil eg og gjera det i hagen tenker eg. Men vips så er eg tilbake i virkelegheten og innser at eg ikkje er ordenteleg snikkar, sjøl om eg skryter på meg sjølsnikra ting, og ikkje kan eg støype skikkeleg heller. Så det blir nok med litt enkle løysingar i år også. Men eg gler meg verkeleg over uteplassen min og at det nå går mot varmare tider.

Me har hatt ein liten dugnad på tunet og fått vekk haugevis med strøsand. Og det hjelper litt for møkk innadørs når små hundepoter tråkkar ut og inn mange gonger om dagen.

IMG_4487

last ned

Strikkinga mi er det litt så som så med. Eg har nok ei slags strikkenevrose. Men av og til er det nok. Og litt slik er det nå. Men strikkekjole er sendt til barnebarn. Eg har ferdigstilt og montera ein genser for ei venninne. Og er litt i gang med Haukeligenseren som har blive så populær etter Farmen-Vendela brukte den.

Og  mest av alt har strikkedamene på Strikkekaféen vår overlevert 200 strikka bamsar som skal vera med Folkehøgskuleelevane til Nepal. Dei skal forhåpentlegvis gje glede til små barn og små barnehender kan klemme desse inntil seg. Stolt av damene.

cof

Her på frivilligsentralen er det stor aktivitet. Me gler oss alle til ei fribeite og påskeferie. Det er velfortjent for det har vore ein svært aktiv vinter.

Innimellom snørr og hoste har eg og rydda i skåp og skuffar. Og eg har så mange ting. Eg har difor lagt ting ut på nett til salg. Og må nå stålsette med for ikkje å kjøpe inn meir tull. For eg har ikkje plass.

Og så er det påskeferie med familiebesøk. Og det blir heilt topp. Me skal kose oss saman. Mat og drikke skal det vera rikeleg med. Og store og små kan nyte velfortjente feriedagar.

Eg går ut frå at fleire enn meg ser fram til denne fine høgtida.

Eg skal forberede litt ferietur i mai. Eg skal rydde i bildearkiv. Eg skal bake til barnebarna. Og mykje anna. Men når ein stadig kjem på nye idear kan dette fort endre seg.

Men for å ta det siste fyst. I dag skal eg i bursdagsselskap og gler meg til det. Fint med venner som vil feire og laga fest.

Ha ein strålande kveld folkens. Kanskje blir det litt påskeblogging nå framover.