Sol ute og inne

hortensia

Sist eg var inn her og blogga skreiv me ennå januar. Og så er me alt langt uti februar. Tida er for knapp. Alt for lite overskudd og tid til å blogge for tida. Men eg skriv når eg føler for det.

Eg sit me ein følelse av at me burde hatt påskeferien denne helga. Hos meg som mange andre stader skin sola inn i stova og lyser opp alle støvfnugg og anna som eg trudde eg hadde fjerna når eg vaska i går. Men pytt, pytt. Kva gjer vel det. Å stå opp til ein slik dag er bare flott. Kaffe, brødskive med brun ost og aviser og magasin. Og plutseleg er det langt på dag. Veldig godt å få gå sakte nokon dagar.

bestevenner
Bestevenner finn solstripene i stova

Og så ringer det på døra mens eg ennå er i pysj. Ei god venninne vil ha meg med på tur i solskinnet. Og då er det bare å få på turtøyet. Eg skulle jo ha luftetur med hundene uansett. Så det blei ein rektig triveleg time i vintersol og jenteprat og hunder som «las avisa» ved alle lyktestolpar. Det er godt å kjenne på at nokon ennå kjem innom i heimen sjøl om ein ikkje har avtalt besøk. Det set eg veldig pris på. Så takk for det.

Og vel heime att med raude kinn og trøtte firbeinte sambuarar er det kva ein skal ha til middag då? Og så er det å gå gjennom fryseboksen og kva ein finn der. Jau, det blir kokte kyllinglår med gode grønnsaker i dag. Det luktar allerede fristande i stova. I mellomtida har eg fått i meg kaffe og morsdagskake. Var innom bakeriet i går og kjøpte med kake til meg sjøl. Ikkje det at morsdag er noko eg feirar. Men ein blir frista av fine marsipankaker i annonser og i butikken. Og så har begge mine fine jenter ringt og gratulera mor. Det er jo fint. Eg tenker på så heldig eg er som har fått gleden av å vera mamma. Ikkje alle får den opplevelsen. Men eg treng ikkje ein eigen dag for mor. Fint å bry seg om kvarandre, men det bør me gjera heile året.

kake2

Eg har sett på TV i naborommet. Ikkje spesielt interressert i all slags sport, men tenker det kan bli spennande skiskyting i dag. Så eg sit i stova og kosar meg med lesing og ventar på kyllinggryta mi mens det gnålar på naborommet. Då eg kan springe ut og inn å få med store øyeblikk.

Ellers så er det veldig travle dagar og lite tid til private sysslar. Det er difor fint å bare ha seg sjøl av og til i helgane. Men i dag føler eg litt overskot for å skrive litt. Det er jo dei same tinga eg les om i alle salgs nyhetskanalar. Galningen Trump er liksom fleire gonger om dagen ute med galskapen sin. Så er det ulv og så er det drap og styggedom. Det er Johaug. Og så er det Farmen då. Eg ser ikkje på den, men får det sitert i aviser og på FB. Ser at dette engasjerar mange. Snodig.

Eg har akkurat avslutta ei ny lydbok (då kan eg strikke samtidig). Det var ein roman som heiter «Wildflower Hill – der drømmene møtes». Ikkje så verst, men litt meir over i sjangeren for «kiosklitteratur». Av og til der det avslappande og krev lite engasjement. Men eg likar nok bedre litt djupare ting. Så nå er det å finne ei ny bok å starte med. Samtidig er eg i gang med Ketil Bjørnstads 60-tal. Snart ferdig med den og klar for 70-talet. Flott lesing av ein super forfattar.

wildf

Litt husstell må også gjeras i dag. Fortsatt ingen vaksehjelp her. Bare bikkjer som støvar til og herjar rundt i huset.  Og så likar jo eg ommøblering. Så det er gjort nå i helga. Blir aldri kjedeleg i stova då. Og eg laga meg ny vedkasse. Godt fornøgd med den. Denne hadde far min i garasjen med skruvar og anna rot ein gong.

vedkasse

Må og nevne at eg var i jenteselskap på fredag. Det er så koseleg. Og verdens hygglegaste vertskap. Eg blei henta ved døra og etter champagne og velkomst fekk me servert «husmannskost». Det var all slag sild med nydeleg tilbehør og nydeleg rotmos. Og så akevitt da sjølsagt. Kake, kaffe, og alt som høyrer med. Og plutseleg er fredag blitt til laurdag. Så desse jentene med ganske høg snittalder er ingen pinglur som tek tidleg kveld. Verten las Rudolf Nilsen dikt. Diskusjonen gjekk høglytt om kongehus eller republikk. Og Johaug da. Aldri kjedeleg. Og mange sterke meiningar. Det var ein flott start på helga.

Nå skal eg rigge meg i godstolen og vente på at middagen kan serveras. Viktig å gjera dagen sin fin for det om ein bur aleine. Eg gler meg.

stove

 

Ha ein strålande søndag i finveret.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s