Britt-Marie var her

image

Januar går mot slutten. Grå morgon ute men godt inne. Bikkja har lagt seg att. Det er ikkje noko som skjer. Så da kan ein like god bare slappe av i sofaen.

image

Det har blitt lite blogging idet siste. Mange årsaker til det. Men i dag prøvar eg meg med eit lite innlegg.

Sist veke var det som vanleg ei aktiv arbeidsveke. Og alltid godt når helga kjem. Eg var bedt i jenteselskap fredag, men på grunn av sjukdom i heimen måtte det avlysas. Eg var så programmera for selskap og jenter at då flytta eg arrangementet heim til meg. Eg kasta meg rundt og gjorde klar heimlaga fiskesuppe med grovbrød til. Pavlova vart baka i full fart. Og vin var i hus, og meir kom i hus etterkvart som jentene kom. Det blei ein flott kveld til langt på natt.

image

Laurdag var eg beden i eritreisk bursdagsfeiring hjå ein nabo. Og du verden så hyggeleg det var. Eg har aldri vore i slikt lag før. Barnet feira 1-års dag. Og huset fløymde over av nydeleg og mykje eritreisk mat. Og drikke. Og kaker. Utover ettermiddagen var huset fyllt opp med eritreiske seljordingar. Det var ein slags «lykke til i livet» seremoni.  Eg er imponert over korleis dei alle støttar opp om kvarandres familiar. For meg var det ein fantastisk fin laurdag ettermiddag å få lov å vera med på dette. Så tusen takk.

Nå er eg i avislesemodus og gremmar meg over det eg les frå USA. Eg får sterk kjensle av at me vil få ein uroleg tid framover. Men så tenker eg som Lalum sa i ei avis i dag at han er overraska over at folk er overraska. Eg orkar ikkje tenke meir over dette nå. Filosofen Henrik Syse seier at «Han er bare president. Verden er mer enn USA».

engel-trump

På ein dag som denne skal eg kle meg godt for ein spasertur. Eg skal steike kalkufilet til middag. Eg skal strikke litt. Eg skal lese meir utover dagen. Og så har eg starta på lydboka «Britt-Marie var her» av  Fredrik Backman. Det er same forfattaren som skriev «En mann ved navn Ove». Det er moro å  lesa denne forfattaren. «Han har gjort det igjen!» er ein av kritikaranes dom. Så den boka anbefalar eg verkeleg.

brit

Delar og denne videoen eg fann i dag. Nå kan me dykke oss ned på havbotnen på det fyrste undervatnsmuseumet i Europa. Stadig noko nytt.

underv

Ta ein kikk:

http://www.abcnyheter.no/reise/2016/02/17/195200423/skulpturpark-under-vann-apner-pa-lanzarote?autoplay=1

God søndag.

 

Advertisements

2 thoughts on “Britt-Marie var her

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s