Frank Underwood

kevin
President Underwood

Søndag og ennå ein fridag der eg ikkje skal gjera stort anna enn å slapp litt av.

Det brenn i peisen, kaffe er i koppen og bikkjene herjar rundt føttene og er sjeleglade for at matmor tek til vitet og står opp. Dei er ganske dresserte om morgon bikkjene, og eg treng ikkje ut på tissetur med dei veldig tidleg. Men rutinene er innarbeide og nå er det leiketid her.

Eg les som vanleg aviser. Trumpsirkuset fortsett. Dei siste dagane har eg tenkt på Netflixserien «House of cards». Då eg var i New York fyste gong i 2012 var byen pryda med store reklameplakater for serien som hadde premiere med Kevin Spacey i hovudrolla som Frank Underwood og Robin Wright som kona hans. Eg er stor fan av Spacey og interressert i politikk. Eg las om serien og heim igjen abbonera eg på Netflix. Eg trur eg såg alle episodane på nokre kveldar og nettar. Og eg syntes serien svara absolutt til forventningane. Det dreiar seg om Det kvite hus og toppkandidatane i USAs politiske miljø. Det er så rote og korrupt at eg tenker at ja dei må jo laga action for å få til gode seriar som skal vare i årevis. Seinare venta eg bare på neste sesong. Og sjølsagt så blei narcissistiske Frank Underwood president etter løgn og bedrag. Nå er femte sesong klar og kjem på skjermen i mai. Gler meg. Ser i avisa i dag at «teaseren» blei sleppt same dag som presidentinnsettelsen.  I et 28-sekunders langt klipp visas det amerikanske flagget vaiande i vinden. Det er overskya og me hører barnestemmer lese opp USAs trusbekjennelse. Kamera zoomar ut og der ser me  flagget heng opp ned framfor Kongress-bygningen.

Og eg tenker at serien er akkurat som us-flag-upside-down-370x229verkeleghetia har blitt.

Ta deg tid til å sjå denne serien er mi anbefaling.

Apropo det amerikanske flagget som heng opp ned: Bare dersom det er ekstrem fare for liv og eigedom står det i flaggkoden for USA, skal flagget hengast opp ned. Dette visste ikkje eg.

Men eg såg på programmet Walkabout i gårkveld med Nils og Ronny som reiser rundt. I går var dei i Detroit, «The american dream» og bilbyen over alle ein gong i tida. Flagget var hengt opp ned der fordi innbyggarane ville varsle om dei forferdeleg tilstandane i byen.  I dette programmet fekk me tilbakeblikk frå femtitallet når Detroit var bygd opp som ein stor industriby. Det var etablering av bilfabrikkane og mange arbeidsplassar og fine bustader. I går såg det mest ut som me var i krigsherja Syria. Budstadfelta var fråflytt, søppel overalt. Det var lovlause tilstandar og frå millonar av innbyggarar var det nå bare 700 000 igjen. Andre hadde reist pga lovlause tilstandar osv. Og programmet var reprise frå 2014.

nilEtter å ha sett programmet kan eg godta forklaringa på kvifor Trump er blitt president. Dette er velgarmasser som har stemt han fram. Og det er sikkert slik i mange andre distrikt også. Trist å sjå men ikkje vanskeleg å forstå.

det

Her er lenke til ein snutt av programmet:

https://tv.nrk.no/serie/walkabout/kmte50003012

Må bare ta med imponerande tal frå Womens march i går. Over tre millioner ute i gatene og demonstrerte i byar i USA i går. Den største marsjen nokon gong i USA.

wom
Der skulle vi ha vøri Kal´

Nå er de sikkert så lei av å høre om kva eg tenkjer om Trump og USA at eg skal slutte heilt å skrive om det dersom det ikkje kjem store katastrofer.

Og så er det strikkeprosjekta mine då. I går var det faktisk så vårfint i solveggen min at eg kunne site ute og kose meg med strikkinga mi. Ferdig med eit prosjekt og i gang med neste.

cof

Nå er det Mariuskjole i Alpakka til ei lita frøken som kan bruke den i barnehagen.

alp

Ha in fin søndag då.

 

 

Advertisements

One thought on “Frank Underwood

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s