Berre kjærleik og død

ist
Tussejuv i dag

 

Ein nydeleg dag er snart halvvegs. Eg har vore på ein fin spasertur ned og opp bakkane med mine firbeinte venner. Vårfølesen var nesten til å ta og føle på. Så godt å vera menneske.

Under avislesinga mi i dag merkte eg meg eit innlegg av Andreas Hompland frå denne veka i avisa Dag og tid. Den omhandla diktaren Tor Jonsson. Visste du at det har vore Tor Jonsson jubile i 2016? Hundre år sidan han var fødd. Eg har ikkje fått det med meg.

I Dag og tid stod det: «Tor Jonsson-jubileet er over. Han var fødd i 1916 og tok ein overdose piller natt til 11. januar 1951, i sommarhytta han leigde ved Bunnefjorden. Der fann venen Tarjei Vesaas han då dei braut opp døra dagen etter. Tor Jonsson døydde 14. januar, 34 år ung.»

jonss

Det er trist å lese om denne flotte diktaren som bare blei 34 år gamal. Det var liksom elendighet frå starten av. For nokre år sidan las eg biografien om Tor Jonsson «Berre kjærleik og død» skriven av Ingar Sletten Kolloen. Eg likar å lesa biografiar. Har lese om mange av dei store. Knut Hamsun, Sigrid Undset, Amalie Skram, Olaf Bull for å nevne nokre. Det forklarar på ein måte noko av det dei har skrive og gjer det litt lettare å skjønne. Men tilbake til Jonsson. Eg hugsar at eg såg for meg denne bitre, sjølvhatande mannen der han held til i sine unge år. Fattigdom og husmannsånd var noko av det som sit att i minne mitt. Han fann seg aldri til rette og greide ikkje leve dette livet. Gripande og trist lesing. Eg lever meg fort inn i slike liv til dei som ikkje er heilt A4 personar. Og nettopp fordi dei ikkje er som alle andre blir det stor diktning og.

Eg anbefalar å lese Kolloens biografi om diktaren.

jonssonOg her er lenka til artikkelen i Dag og tid:

https://www.dagogtid.no/eit-lenge-varsla-sjolvmord/

Fann også sida til Tor Jonsson laget. Der var mykje å lesa

http://www.torjonsson.no/tor-jonsson-laget

Eg avsluttar dagens vesle blogg med dette diktet:

Fattig ynskje

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.
Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.

Tor Jonsson

(Kanksje legg de merke til at eg prøva meg på å skrive nynorsk i dag. Det passa liksom til Tor Jonsson)

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s