Det er den draumen

hauge

Jeg har lyst til å starte dagen med å dele dette med dere.

Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ein morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge
Dråpar i austavind, 1966

 

Jeg har klippet ut denne artikkelen under fra Olav H. Hauge-senteret som jeg synes var interressant:

Det er den draumen – eit dikt med mange liv

«Det er den draumen» vart søndag 18.9.2016 kåra til Noregs beste dikt gjennom tidene av sjåarane og lyttarane til NRK-programserien «Dikt & forbannet løgn». «Diktet kunne vore sunge av Beatles,» skreiv Eldrid Lunden då diktet kom ut. Konsulenten forlaget nytta på førehand meinte dette var blant dei svakaste dikta i samlinga.

Hausten 1966 kom Olav H. Hauge med si femte diktsamling: Dropar i austavind. Det siste diktet i denne samlinga «Det er den draumen» har vorte ståande som det mest folkekjære diktet til Hauge. Men det var ikkje gitt at det skulle bli slik. 

Avvist i Profil

Tidligare det samet året tek studentane i tidsskriftet Profil kontakt med Hauge. Tor Obrestad, Eldrid Lunden, Paal-Helge Haugen, Einar Økland og Jan Erik Vold er blant dei mest sentrale i det som vart kalla Profil-gjengen. Dei vil gjerne lage eit eige nummer om Hauge og diktinga hans. Han svarar ganske seint mot sommaren. Tor Obrestad, som då var redaktør, ønska seg særleg nye dikt av Hauge.

Hauge hadde ikkje fått ro til å få skrive ei heil ny diktsamling, men etter at komponisten Geirr Tveit hadde oppmoda han til å skrive nytt sender han til slutt 11 dikt til tidsskriftet. Blant dei er «Det var den draumen» (som det heitte i tidlege manuskript), men det vert ikkje trykt då. Berre fire av dei elleve dikta vart vald ut. I tillegg har Økland eit dikt til Hauge, Tufteland eit intervju med han og Obrestad har skrive ei innføring om diktinga til Hauge. Profileringa i dette studenttidsskriftet var med på å gjere Hauge meir tilgjengeleg for ein ny generasjon lesarar. 

Blant dei svakaste dikta i samlinga

Det er ein fredag i august 1966 og Hauge har nett sendt frå seg manuset til den nye diktsamlinga si. Han sender 109 dikt til forleggjaren Dybvad i Noregs Boklag og ber han vurdere dikta til ei ny utgjeving. Mengda dikt har auka betrakteleg sidan han sendte frå seg den vesle bunka til Profil midtsommars. Somme av dikta hadde riktig nok vore på trykk i blant anna Syn og segn, men dei vart ikkje prenta i bokform. Allereie måndagen har han ombestemt seg og sender framlegg til ny innhaldsliste der han endrar rekkefølgja mykje og innhaldet noko.

Då Hauge to år tidlegare, saman med Ragnvald Skrede, ville gi ut Dikt i utval ba forlaget om at Hauge finansierte utgjevinga sjølv. Også ved dei tidligare utgjevnadane gjekk det ganske lang tid og mange brev fram og tilbake før dikta vart gitt ut. Denne samlinga gjekk det raskt med. Allereie same veka sender Noregs Boklag samlinga til konsulent Odd Solumsmoen, og 18.8. (på Hauges 58-årsdag) sender Solumsmoen konsulentfråsegna til forlaget. Solumsmoen er svært positiv til samlinga og kallar det «en sterk original og personlig samling dikt». Blant mange små har han to store tilbakemeldingar: Det bør liggje ved ei ordliste slik at også austlendingar kan nyta dikta og diktet «Det var den draumen»er «en oppramsing som for meg fortoner seg som kvern på tomgang, og poenget blir borte for meg.»

Kunne vore sunge av Beatles 

Likevel blir diktet med vidare. Allereie 1.9. det same året kjem boka i trykken. Hauge arbeidde ganske raskt med dikta i Dropar i austavind. Dei kom til over ein rask periode. Det er ikkje mange endringane frå dei første dikta han sendte til Profil og Noregs Boklag til det manuset som vert gitt ut, men ei endring er viktig i denne samanhengen. «Det var den draumen» vart i løpet av dei få vekene til «Det er den draumen».

Og sjølv om diktet ikkje vart med i Profil og ikkje vakte åtgaum hjå konsulenten til forlaget så traff diktet i etterkant. Eldrid Lunden, som seinare vart Noregs første professor i forfattarstudium og då var ein del av Profil-krinsen, skreiv om sluttdiktet i samlinga, som altså var Det er den draumen: «Boka som endar med eit dikt som nærmast er psykedelisk, som kunne vore sunge av Beatles, som fanga stemninga hos unge såvel som modne utan å vite om det sjølv, eit dikt skrive som trance, med attlatne augo.»

Konfirmasjon

Diktet har verkeleg fått leve sitt eige liv. «Din veg», «Eit ord» og «Det er den draumen» er dei tre dikta av Hauge rettigheitshavarane Det Norske Samlaget og Bodil Cappelen oftast får førespurnad om å bruke. I tillegg vert det nytta utan førespurnad i mange samanhengar.  
Også i politikken har diktet vore mykje nytta. Liv Signe Navarsete opna Hardangerbrua med orda «Godtfolk! ”Det er den draumen me ber på, at noko vedunderleg skal skje” sa Olav H. Hauge, som levde all sin dag berre nokre kilometer herfrå. Og i dag skjer det! Hjarteleg til lukke med dagen og denne fantastiske brua!» Heile diktet pregar første sida av utgreiinga som bana veg til den såkalla kvalitetsreforma i høgre utdanning «NOU 2000: 14 Frihet med ansvar— Om høgre utdanning og forskning i Norge». 
Diktet har òg vore lese i eit utal bryllaup, bursdagar og konfirmasjonar. Diktet er berre nemnd ein gong i dei 70 åra me har med dagboknotat etter Olav H. Hauge. Då er det ein slik samanheng:
«5. mai 1991

Til Voss. Konfirmasjonsfest på Mølster for ungdomar som høyrer til Human-etisk Forbund. Eg hadde lova å lesa litt der. Festleg samkoma; mykje fint folk. Musikk; song; tale av Gjeldsvik (forfattar frå Bergen. Eg las tri dikt («Kissebærtre», «Hugsar du?», «Det er den draumen»). Det gjekk bra, trur eg, endå eg kjende eg var veik etter all forkjølingi eg har dregest med i det siste. Kvøv, sinus, hoste. Sol um dagane no, ikkje ei skyfille, men kaldt. Etter høgtidi på Mølster var me bedne til middag på Gjerdåker, hjå Jon og Kjellaug. Og der var hyggjeleg som det alltid er der. Johannes og kjærasten var i Trondheim.»

Litteraturvitar Jørgen Magnus Sejersted har skrive at diktet «[…] i sin stilsikre behandlng av det velkjente drømmemotvidet fremdeles bærer sin sviskestatus med uforstyrret ro». Det kan sjå ut som om han har rett i det. 

 

Kjelder

Bjørkøy, Aasta Marie Bjorvand 2016. Eit dikt vert aldri ferdig. Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt. Oslo: Vidarforlaget

Hauge, Olav H. 2010. Dikt i samling. Oslo: Det Norske Samlaget

Navarsete, Liv Signe 2013. Tale ved opninga av Hardangerbrua

Sejersted, Jørgen Magnus 2007. «Olav H. Hauge» s. 190-223, i Bjerck Hagen og Aaslestad (red.): Den norske litterære kanon 1900-1960. Oslo: Aschehoug.

Sigvartsen, Ana Leticia og Vetrhus, Mona Dette diktet gjør det enklere å være menneske publisert 2.3.2011, lese 19.9.2016

Åmås, Knut Olav 2004. Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge. Oslo: Det Norske Samlaget.

Samtalar med Bodil Cappelen og Janne Nygaard. 

 

Og dette NRK klippet. Ikke lett å intervjue slike personer.

https://tv.nrk.no/program/fola04006769/modernisten-i-hardanger

Og her leser forfatteren dikt selv:

 

 

Diktet ble som sikkert alle vet kåret til det beste diktet gjennom tidene siste høst. Leste at Bodil Cappelen som var gift  med Hauge fortalte under utdelingen i høst:

«Olav drømte om å ri inn til en stille vik fra et stormfult hav, om å finne ro og fred i sinnet».

-Det kan jeg også kjenne meg igjen i.

Ha ein fin lørdag.

tulipanbukett

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s